Nødnett

SPØRSMÅL OG SVAR

  • Korleis fungerar Nødnett?

    Nødnett er namnet på det digitale radiosambandet for nød- og beredskapsetatane i Noreg.

    Når uhellet er ute, ringer innbyggjarane til det aktuelle nødnummeret (110 for brann, 112 for politi og 113 for ambulanse). Nødsamtalen kjem fram til ein av etatane sine kommunikasjonssentralar. Nødnett-utstyret set kommunikasjonssentralen i stand til å kommunisere både over Nødnett og over telefonnettet. På denne måten kan sentralen varsle naudsynte ressursar, dei andre etatane og koordinere utrykking.

    Nødnett gjev nødetatane og andre beredskapsbrukara moglegheit til å kommunisere saumlaust på tvers av organisatoriske og geografiske grenser. Samstundes er det mogleg for ei gruppe å snakke saman utan at andre brukarar får tilgang til informasjonen.

    Sjå filmen om korleis Nødnett fungerar. 

    Nødnett-infrastrukturen er bygd opp av ei rekke basestasjonar med radioantenner (radionett), overføringslinjer (transmisjonsnett) og sentrale nettverkskomponentar (kjernenett). 

  • Hvorfor er det utfall i Nødnett?

    Nødnett er bygget for å være et svært robust radionett. Det er likevel ikke mulig å ha en oppetid på 100 %. Det skjer utfall i Nødnett i likhet med andre telenett.

    De hyppigste årsakene til utfall er brudd på transmisjon, enten på egne eller leide linjer, samt strømbrudd.  

    Noen av styrkene til Nødnett er god nødstrøm; det er bygget med 2 døgn nødstrøm på 15 prosent av basestasjonene, 20 timer på 8 % og 8 timer på de resterende. I tillegg er basestasjonene i Nødnett koblet sammen i ringer med to transmisjonslinjer inn til alle basestasjoner (såkalt redundans). Blir det brudd på en av linjene, for eksempel ved graveuhell, er den andre linjen fremdeles operativ. Det må to samtidige brudd/feil til for at en eller flere basestasjoner mister kontakten med resten av nettet.

    En sårbarhet er derimot at Nødnett ikke har et eget transmisjonsnett, men benytter seg av den kommersielle infrastrukturen, hvor linjebrudd er en del av hverdagen. nødstrømberedskapen i disse leide linjene er svært varierende, slik at både kortere og lengre strømbrudd kan føre til utfall. 

    Les mer om sikkerhetsmekanismene som skal hindre utfall i Nødnett her

  • Kven har ansvaret for å få Nødnett opp att etter eit utfall?

    Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) har det overordna ansvaret for Nødnett.

    Dagleg driftsoppfølging er satt ut til driftsoperatør Motorola. Dei har i samarbeid med underleverandørar av straum og transmisjon til Nødnett eit ansvar når Nødnett fell ut.

    Nødnett blir overvaka av ein døgnbemanna driftssentral, og det er landsdekkande beredskap med avtalar om feilretting med kort utrykningstid for bakkemannskap.

    Her kan du lese meir om drifta av Nødnett.  

  • Kven driftar Nødnett?

    Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) eig Nødnett og har det overordna ansvaret for drifta. DSB har ein driftsavtale med Motorola Solutions som gjeld fram til 2026.

    Utstyret som knytte brukara opp mot Nødnett driftas av nødetatenes egne driftsorganisasjoner, hhv. Helsetjenestens driftsorganisasjon for helsetenesta, Politiets IKT-tjenester for politiet og Brukertjenestesenteret/Branns driftsorganisasjon for brannvesenet.

    Her kan du lese meir om dei mange aktørane som er involvert i drifta av Nødnett.

  • Hvilken rolle har Motorola i Nødnett?

    Motorola Solutions er hovedleverandøren av Nødnett til staten og har ansvaret for de daglige drifts- og operatøroppgavene i nettet.

    Sammen med lokal teknisk ekspertise og internasjonale TETRA-eksperter i Motorolasystemet, er de ansvarlig for at Nødnett er tilgjengelig i henhold til brukernes krav og behov. Det innebærer drift og vedlikehold av basestasjoner, transmisjonslinjer og kjernenett, samt døgnkontinuerlig overvåking, retting av feil, konfigurering og optimalisering av nettet.

    Les mer om Motorola og deres rolle her.

  • Hva er BTS/BDO?

    BTS/BDO står for Brukertjenestesenter (BTS)/Branns Driftsorganisasjon (BDO), og er underlagt Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB).

    BTS/BDO drifter Nødnett-utstyr på 110-sentraler, samt programmerer radioterminaler til brannvesenet og andre brukere i Nødnett og er utstyrt med egen IT-arkitektur for enhver tid å kunne kvalitetssikre, drifte, administrere, overvåke, feilrette, oppgradere, utvikle og teste brannvesenets utstyr knyttet til Nødnett.

    BTS/BDO utfører teknisk feilhåndtering av kritiske feil 24 timer i døgnet. Installasjonen inkluderer egen serverpark med tilhørende IT-arkitektur for å kunne håndtere brukerstøtte, teknisk overvåkning og teknisk feilhåndtering 24 timer i døgnet.

    BTS/BDO er organisert under enheten Kunder og beredskap i avdeling for Nød- og beredskapskommunikasjon, og har avdelingskontor i Moss. 

    BTS/BDO har ansvar for:

    - Brukerstøtte og teknisk drift til radioterminaler
    - Drift av Nødnett-utstyr på 110-sentraler og andre kontrollrom
    - «Single point of contact» med leverandørens feilhåndteringssenter
    - Teknisk feilhåndtering 24 timer i døgnet på kritiske feil
    - Utvikling, bistand og test av ny funksjonalitet
    - Håndtering av situasjoner med manglende dekning
    - Kursing
    - Prosjektstøtte

    Les mer om BTS/BDO her. 

  • Har Nødnett god nok kapasitet?

    Nødnett er dimensjonert til å gje god kapasitet både i dagleg operativ teneste og ved større ulukker og hendingar.

    Belastninga på kapasiteten blir kontinuerleg registrert. Dersom hendingar er planlagde eller varer lenge kan ein forsterke kapasiteten til dømes ved å setje inn ein mobil basestasjon. 

    Sjølv i eit område med stor kapasitet, vil ein i kritiske situasjonar med ekstraordinær trafikk erfare at Nødnett må brukast riktig og at prioriteringar må gjerast.

    Les meir om kapasiteten i Nødnett

  • Korleis er radiodekninga i Nødnett?

    Nødnett har:

    • Dekning på omlag 86 % av flatearealet i Fastlands-Noreg, noko som tilsvarar nær 100 % av befolkninga.
    • Dekning for handhaldne radioar langs riks- og fylkesvegar. 
    • Styrka dekning i 5 kilometer radius rundt alle brannstasjoner.
    • 100 % dekning for helikopter som flyg i høgde på om lag 5000 fot.
    • Dekning i over 320 tunnelar.
    • Det er i tillegg 7 mobile basestasjonar til bruk i til dømes fjellheimen, kor det typisk ikkje vil vere fast dekning.

    Det å sikre dekning er ein omfattande og tidkrevjande prosess. Det krev ikkje berre god planlegging, men også justeringar etter både målingar og erfaring med bruk av nettet. 

    Les meir om dekning i Nødnett. 

  • Korleis er innandørsdekninga i Nødnett?

    I tillegg til god utandørsdekning, som ligg til grunn for utbygginga av Nødnett, er signalstyrka i byar og tettstader forsterka for å auke sannsynlegheita for god innandørsdekning.

    Det er òg større feltstyrke innanfor ein radius av 5 kilometer rundt brannstasjonar.

    Garanti for innandørsdekning alle stader er ikkje mogleg, så trass i desse tiltaka vil brukarar av Nødnett kunne oppleve at ein inne i m.a. tung bygningsmasse og underjordiske anlegg ikkje vil ha dekning. Nokre stader blir det gjort spesielle tilpassingar i form av innandørsanlegg, og det er peika ut prioriterte objekt, t.d.: AMK-sentralar, akuttmottak, legevaktsentralar, politistasjonar og brannstasjonar.

    Les meir om innandørsdekning her. 

  • Kva reservestraum blir Nødnett bygd med?

    Nødnett har meir naudstraum enn dei vanlege mobilnetta, og naudstraumkapasiteten er betra samanlikna med det som opphavleg stod i kontrakten for Nødnett.

    Ingen basestasjonar i Nødnett har mindre enn 8 timar backup, medan 15 prosent av basestasjonane har 48 timar og 8 prosent har 20 timar naudstraum.

    Meir om robustheit i Nødnett. 

1.0.170.679