Når uhellet er ute, ringer innbyggjarane til det aktuelle nødnummeret (110 for brann, 112 for politi og 113 for ambulanse). Nødsamtalen kjem fram til ein av etatane sine kommunikasjonssentralar. Nødnett-utstyret set kommunikasjonssentralen i stand til å kommunisere både over Nødnett og over telefonnettet. På denne måten kan sentralen varsle naudsynte ressursar, dei andre etatane og koordinere utrykking.

Nødnett gjev nødetatane og andre beredskapsbrukara moglegheit til å kommunisere saumlaust på tvers av organisatoriske og geografiske grenser. Samstundes er det mogleg for ei gruppe å snakke saman utan at andre brukarar får tilgang til informasjonen.

Sjå filmen om korleis Nødnett fungerar. 

Nødnett-infrastrukturen er bygd opp av ei rekke basestasjonar med radioantenner (radionett), overføringslinjer (transmisjonsnett) og sentrale nettverkskomponentar (kjernenett).